Regjering
Ei regjering er personane som styrer ein stat etter lovane som gjeld i staten. I Noreg består Regjeringa av statsministeren og andre folkevalde politikarar.
Kjelde: Store norske leksikon

Foto: Terje Pedersen / NTB
– Vi skal tenkje stort om dei minste. Difor varslar vi no at vi vil legge skulekvardagen for dei yngste elevane, seier statsminister Jonas Gahr Støre.
Sidan det viser seg at elevar i norske skular lærer mindre og mindre, vil regjeringa no ta grep. Mellom anna har regjeringa bestemt at det skal bli mindre skjermbruk frå og med 1. august.
Vidare vil regjeringa gjere rom for meir leik og trivsel i skulekvardagen. For å få til dette ser politikarane no på om det kan løne seg med færre fag eller færre skuletimar – eller begge deler.
Regjeringa vil også sjå på om det kan lønne seg å dele elevane inn i mindre klassar enn det dei er i dag, så kvar og ein elev i større grad får tett oppfølging.



















