Regjeringa foreslår at skular skal kunna ta elevar ut av klassen i ein periode, utan å få ja frå elev eller foreldre først. Eleven skal då få undervisning ein annan stad.
Forslaget gjeld berre dersom ein elev oppfører seg sånn at det går alvorleg utover tryggleiken eller læringa til andre.
– Me kan ikkje ha det sånn at tiltak berre kan setjast inn viss eleven og føresette samarbeid og gir sitt samtykke. Somme gonger samarbeid verken elev eller føresette. Det gir ikkje nok tryggleik for fellesskapen og dei som er ramma av åtferda når eleven er tilbake i same klasse dagen etter, eller få dagar seinare, seier Nordtun i ei pressemelding.
I dag kan skulen berre senda elevar ut for korte periodar, eller flytta dei til ein annan skule. No vil regjeringa gi skulane fleire moglegheiter.
Meir truslar og vald
Dei siste åra har det vore ein urovekkjande auke i alvorleg barne- og ungdomskriminalitet, særleg blant dei under 15 år. Andelen tilsette i skulen som svarer at dei har vorte utsette for vald eller truslar har også auka dei siste ti åra. I tillegg beskriv lærarar forstyrringar av undervisninga som eit aukande problem.
– Lovendringa vil bidra til meir og betre læring i norsk skule. Det gir skulane høve til å verna dei andre elevane og lærarane, og handlingsrom til å følgja opp elevar med utfordrande åtferd på ein betre måte, seier Nordtun.
Ikkje uproblematisk
Tiltaket kan vara i opptil fire veker, og kan forlengast éin gong. Samtidig undertrekar regjeringa at eleven framleis skal ha rett til undervisning og kunne kome tilbake til klassen.
– Å ta ein elev bort frå klassefellesskapen for ein periode utan at eleven ønskjer det sjølv, er ikkje uproblematisk. Derfor foreslår me strenge vilkår for å ta tiltaket i bruk. Det er eit mål at eleven i dei aller fleste tilfella skal kunna komma tilbake og vera ein del av eit trygt og godt læringsmiljø i den ordinære klassen sin. I tilfelle der det ikkje blir opplevd som mogleg, må pålagt skulebyte nyttast, seier Nordtun.






















