Lyngbrann
Lyngbrann er ein type skogbrann der glørne og flammane hovudsakleg spreier seg i lyng. Kor stor moglegheit det er for at det oppstår skogbrann, handlar om kor tørr bakken og trea er – jo tørrare, jo større sannsyn for skogbrann. Årsaker til skogbrann kan mellom anna vere lynnedslag, bålbrenning og skogsarbeid som lager gneistar.
Kjelde: Store norske leksikon
Det var tysdag kveld at lyngbrannen i Ålesund starta, skriv NRK Møre og Romsdal. Brannen spreidde seg fort og brannvesenet frykta at flammane ville nå bustadområde. Difor blei nesten 350 personar, mellom anna barnefamiliar, evakuert frå bustadane sine.
Å vere evakuert vil seie at menneske må forlate heimane sine og i staden bu på hotell eller hos familie eller venner i område som ikkje er i nærleiken av brannen.
Påverka skuledagen
Lyngbrannen har også ført til at skulane i nærleiken av Sukkertoppen heldt stengt onsdag morgon.
Litt utpå dagen opna skulane igjen, for at elevane kunne samlast. Det blei rett nok ikkje vanleg undervisning.
Frå torsdag skal skulane etter planen tilby vanleg skuledag for elevane.
Sløkkingsarbeid
Etter eit flittig sløkkingsarbeid, mellom anna ved hjelp av helikopter, har brannmannskapet fått meir og meir kontroll på brannen.
Samstundes gjer bratt terreng og vinden på staden brannsløkkingsarbeidet vanskeleg. Vinden gjer det både utfordrande å bruke helikopter, og gjer at glørne og flammane som ulmar i skogen og lyngen spreier seg fort.
Ingen skade
Mange ventar framleis på å få reise heim etter å ha blitt evakuerte, men fleire har rett nok fått dra til huset sitt for å hente nødvendige eigendelar.
Ingen hus eller bygningar er så langt blitt råka og ingen menneske er skadd i brannen. Politiet veit enno ikkje kvifor lyngbrannen starta.






















