Skogen er full av hemmelegheiter

Biolog og forfattar Anne Sverdrup-Thygeson vil visa barn at ein heilt vanleg norsk skog er full av rare og spennande ting. I boka «Skogens hemmeligheter» fortel ho om livet til dei små skapningane som mange aldri legg merke til.

Anne er biolog og professor ved NMBU i tillegg til å vera forfattar. Ho har forska på skog og insekt i over 30 år, og har skrive fleire populære bøker om natur. I Skogens hemmeligheter fortel ho om alt det rare og fascinerande som skjer i skogen – og boka er full av vakre illustrasjonar laga av Nina Marie Andersen.

Kvifor ville du skrive denne boka?

– Eg synest skogen er ein fantastisk spennande og morosam stad. Det er så mykje rart og underleg og gøy som skjer i ein heilt alminneleg skog av det slaget vi har mykje av i Noreg.

Ho håpar boka kan få fleire til å bli nysgjerrige.

– Eg hadde lyst til at fleire skulle kunne ta del i det, og at barn og vaksne kan lesa om desse hemmelegheitene. Det er ikkje hemmelegheiter som skal haldast skjulte – det er slike som treng å delast og snakkast om.

Korleis fann du alle desse hemmelegheitene?

– Skog har eg halde på med heile livet, så mykje av det eg skriv om visste eg fordi eg har jobba lenge som biolog.

Ein biolog er ein som undersøker og lærer om dyr, plantar, insekt og livet i naturen.

– Når eg ser ei forskingsnyheit eller noko morosamt, lagrar eg det i ei mappe. Fordi eg har tenkt eg at det kan vera gøy å skriva om det for barn ein gong.

Illustratør: Nina Marie Andersen

Har du eit kapittel du er ekstra fornøgd med?

Anne ler litt når ho får spørsmålet.

– Eg er kanskje litt freidig, men eg er veldig fornøgd med heile boka. Det har vore utruleg moro å jobba med den.

Likevel trekkjer ho fram eitt tema.

– Eg er veldig glad i dette med døde tre. Kapitlet om trestammar likar eg godt, fordi det viser kor mykje liv det er der.

Ho meiner dei små artane ofte blir gløymde.

– Fuglar og pattedyr får ofte mest plass, men eg vil gjerne at dei små og skjulte artane – som det er mange fleire av – skal få skinne litt.

Illustratør: Nina Marie Andersen

I boka finn ein namn som «zombisnegle, «drageblod», «trollskum», «stubbegulp» og «ishår». Kvar kjem dei frå?

– Nokre av namna er ekte namn. Andre gonger lagar eg eit namn sjølv. Det er ein del av det å skrive populærvitskap.

Populærvitskap er bøker, artiklar eller TV-program som forklarer vitskap på ein enkel og spennande måte.

– Når ein skriv på norsk om ting som ikkje har eit etablert namn, må ein av og til vere litt kreativ. Og så er det lov å ha det gøy! Om forfattaren har det moro når ho skriv, håpar eg det smittar litt over til den som les boka.

Illustratør: Nina Marie Andersen

Har du opplevd noko veldig rart i skogen sjølv?

Anne fortel om ein tur i skogen nær der ho bur.

– Eg gjekk ein tur i skogen medan eg arbeidde med ein roman og følte at alt gjekk ganske så dårleg. Eg var usikker på om eg kom til å klara å skriva boka ferdig.

Så såg ho noko merkeleg på ein trestamme.

– Der stod bokstavane «GO» og eit hjarta ved sida av.

Ingen hadde rissa det inn.

– Det var barkebiller som hadde gnaga spor under barken. Spora såg akkurat ut som bokstavar.

Opplevinga gjorde inntrykk.

– Eg har vore mykje i skog i livet, men eg har aldri sett noko slikt før. Det var nesten som om skogen snakka til meg.

Illustratør: Nina Marie Andersen

Synest du skogen i Noreg blir godt nok verna?

– Det korte svaret er nei. Absolutt ikkje.

Ho meiner det går for sakte.

– I over ti år har det vore politisk einigheit om at vi skal ha 10 prosent skogvern i Noreg. Men i dag har vi berre rundt 5 prosent.

Samtidig blir det stadig hogd meir skog.

– Då risikerer vi at dei mest verneverdige skogane forsvinn før dei blir verna.

Kva kan barn og unge gjere for å hjelpa naturen?

– Det viktigaste er å engasjera seg.

Det kan gjerast på mange måtar, meiner ho.

– Du kan læra meir om naturen, melde deg inn i ein organisasjon eller snakka med andre om kvifor natur er viktig.

Ho trur små handlingar betyr noko.

– Ein kan tenkja at det vesle ein gjer berre er ein liten dråpe i havet. Men kva er havet anna enn veldig mange dropar?

Illustratør: Nina Marie Andersen