Natt til måndag vart dei største filmprisane i verda delt ut i Hollywood. I kategorien for beste animasjonsfilm var det KPop Demon Hunters som vann. Filmen handlar om ei K-pop-gruppe som må kjempe mot demonar.
Songen «Golden» frå den same filmen vann også Oscar for beste originalsong. Det er første gong ein K-pop-song vinn denne prisen.
Historisk for Noreg
Under utdelinga vann også den norske filmen Affeksjonsverdi prisen for beste internasjonale film. Det er første gong ein norsk film vinn denne prisen.
Filmen er regissert av Joachim Trier og handlar om ein familie som prøver å finne tilbake til kvarandre. Skodespelaren Renate Reinsve spelar ei av hovudrollene.
Oscar er ein av dei mest kjende filmprisane i verda. Kvart år blir dei beste filmane og filmskaparane heidra av det amerikanske filmakademiet.




















