Billie Eilish vann Oscar

Den amerikanske artisten vann pris for beste song.

I Los Angeles 10. mars blei gullstatuettane som blir kalla Oscar delte ut for 96. gong. Oscar er den viktigaste filmprisen.

Artisten Billie Eilish vann Oscar for songen «What Was I Made For?» frå filmen «Barbie». Ho har skrive songen saman med bror sin, Finneas O’Connell.

– Eg hadde eit mareritt om dette i går kveld. Eg trudde ikkje dette skulle skje. Eg er så takknemleg for denne songen og denne filmen og det han fekk meg til å føle, sa Eilish då ho stod på scena.