Når alt kjennest litt vanskeleg – møt Juri

Juri er 11 år og lurer på mykje: kvifor foreldre kranglar, kva forelsking eigentleg er – og om det er lov å vera litt usikker. I den nye boka Raringen skriv Kari Stai om det å vera barn midt mellom det enkle og det vanskelege i livet.

Kari Stai er forfattar og illustratør. Ho er særleg kjend for dei populære bøkene om Jakob og Neikob, som mange barn kjenner frå både bøker og teiknefilm. I den nye boka si fortel ho historia om Juri som prøver å finna ut av både seg sjølv og verda.

Kva handlar boka om, heilt kort?

– Boka handlar om Juri. Han er opptatt av folka han omgir seg med, forelsking, foreldre som ikkje er like einige alltid, ting han lærer om på skulen, døden og ja … alt mogleg. Han kjenner seg ofte usikker på ting, og skulle ønska alt gjekk lettare. Det er ei bok om usikkerheit, relasjonar og korleis manøvrere seg i livet som barn på veg over i ungdommen.

Kva likte du aller best å lesa då du var barn?

– Eg las mykje Donald. Og romantiske blad. Og så likte eg godt krim etterkvart, og favorittbok var lenge «Det kvite pulveret» av Hans Sande.

Illustrasjon: Kari Stai

Korleis fekk du idéen til denne historia?

– Ideen har berre kome gradvis og naturleg som resultat av eigne observasjonar. Eg er opptatt av relasjonar, overgangar i livet som ungdomstida, overgangen frå barn til vaksen, og korleis ein sjølv «blir med gjennom» denne overgangen. Kva er personlegdom, identitet, og kva er «ekte» i dette spennande kaoset. «Å vera seg sjølv» er også eit uttrykk som opptar meg – kva det eigentleg betyr.

Kvifor valde du å skriva ei bok om å vera litt annleis?

– Eg har eigentleg ei stor kampsak, og har hatt det lenge (tema for femte boka om Jakob og Neikob): kven er annleis – du eller eg? Er me ikkje alle i såfall «annleis» – fordi ingen er like? Eg trur det er både veldig allment å gå og kjenna seg som annleis, og samtidig trur eg det kan vera litt «usant». Eg trur alle er spesielle på sin måte, og skal vera det – utan å måtte sjå på det som eit slags avvikande trekk. Det er mangfald som er naturleg, og alle er ulike frå sidemannen – slik som sidemannen også er ulik deg. Me er alle like og annleis på same tid.

Illustrasjon: Kari Stai

Trur du mange barn vil kjenna seg igjen i historia?

– Eg håpar det, og eg trur det også. Trur alle i blant stoppar opp og kjenner på ting, undrar seg over kor ein sjølv er, og kva som står på. Alle er i endring, heile tida.

Kva var det kjekkaste med å jobba med denne boka?

– Å … det må vere at eg fekk jobba med nettopp desse spørsmåla eg har nemnt til no – det å gå inn i livsfilosofi, relasjonar, og undersøke kva som ligg mellom folk, og leika med desse spørsmåla. Vera skapande med dei. Le litt av alvoret.

Illustrasjon: Kari Stai

Var det noko som var ekstra vanskeleg å få til?

– Hm, ja, det var nokre historiar som kosta litt meir å skriva. Og slik skal det vera. Det er kanskje dei som blir dei viktigaste å skriva.

Kjem teksten eller teikningane først når du jobbar?

– Til meg har desse kome nokså samtidig.

Illustrasjon: Kari Stai

Kva håpar du barn skal tenkja eller føla når dei har lese boka?

– At dei ikkje er åleine. At dei er fine og «normale» – som er eit litt rart ord. Men – at me menneske er fulle av så mykje, at me er komplekse og spennande – og kan tenkja og føla både fine og mindre fine ting – utan å skamma oss. Misunnelse, at me ikkje likar nokon, at me syns nokon er kjedelege, slemme. At me har mange kjensler som kan krangla.

Kva synest du sjølv er det finaste eller viktigaste i historia?

– Eg likar at eg har ti historier, og at desse er ti ulike «bøker» – at kvar av dei er ei historie om Juri, og at Juri truleg liknar på dei fleste av oss. Håpar at eg har fått fram både det lette i livet, og det vanskelege, og at livet er spennande og fint i all sin kompleksitet – sjølv i tøffe periodar kan det vere kjekt å vera til.