EU vil kutta nesten alle klimautslepp innan 2040

EU har bestemt at EU-landa skal kutta mykje av klimautsleppa sine dei neste åra.

Torsdag 5. mars godkjende ministrar frå EU-landa klimamålet på eit møte i Brussel. Målet er at utsleppa skal kuttast med 90 prosent innan 2040.

Når noko blir godkjent på denne måten, blir det også ein del av lovene i EU.

Allereie 10. februar vedtok EU-parlamentet målet. Det skjedde etter at politikarar frå EU-parlamentet og ministerrådet hadde forhandla og blitt einige om planen.

Klimakvotar

Likevel kan ikkje alle utsleppa kuttast direkte. Inntil 5 prosent av kutta kan skje ved at land kjøper klimakvotar.
 Det betyr at eit land kan betala for at utslepp blir kutta ein annan stad i verda.

Her er eit eksempel: 
Tenk deg at eit land ikkje klarer å kutta alle utsleppa sine sjølv. Då kan landet betala for eit prosjekt som plantar mange tre eller lagar rein energi i eit anna land. Då blir utsleppa mindre der i staden.

Men sjølv med dette må utsleppa i EU vere minst 85 prosent lågare enn dei var i 1990 innan 2040.

EU har også eit større mål: Innan 2050 skal EU vere klimanøytralt. Det betyr at utsleppa av klimagassar ikkje skal vera større enn det naturen klarar å ta opp igjen.