Det er sikkert vanskeleg, men vi må gjere noko med ein einaste gong! Vi må stoppe krigane og vi må få med heile verda med på det.
Vi må ta omsyn til krigane i verda, for eksempel krigane i Ukraina, Gaza og Sudan. Det er nokre av dei verste krigane, men vi må begynne ein plass. Frå 2023 fram til i dag har 61.000 menneske døydd i krigen i Sudan. I gjennom heile krigen har det vore heilt forferdeleg. I Ukraina er det òg dårleg. Mange prøver å hjelpe, men det blir ikkje betre. Mange døyr der, og Russland sender meir og meir bomber over Ukraina. I Gaza er det det same. Mange døyr. Bombe på bombe fell. Dei manglar mat og mange svelt. Krigen har vart sidan 7. oktober 2023. Det er heilt forferdeleg fordi det er store øydeleggingar mange blir drept, det er sorg og tap. Verda må få ein slutt på dette.
Det er så vanskleg å vite korleis vi kan stoppe krigane. Du, Trump, er ein person med stor makt. Derfor synest eg du kunne prøvd å snakke med land sånn at dei kunne blitt einige om ein avtale. Det er bra at du har jobba så mykje med krigen i Gaza og bidrege til å lage ei fredsavtale der. Du kan også sende våpen til Ukraina og hjelpe dei sivile som bur der. Det er mangel på mat og drikke i krigane. Derfor kan USA sende mat til dei som treng det. Det er veldig viktig, for det er mange som døyr av svolt. USA er eit rikt land med masse pengar og det kan de bruke på å hjelpe dei som treng det. Det synest eg veldig er viktig og eg håpar du forstår dette.
Skribenten går i klassen på Nordsida skule som vann skrivekonkurransen til Framtida Junior om krig og fred.






















