Når mobilen kan avsløra kor familien er

Kvart år bur over tusen norske barn på krisesenter saman med ein forelder som har flykta frå vald i heimen.

Her kan du ringa/chatta om du treng nokon å snakke med:
  • Ring til alarmtelefonen for barn 116 111. Der kan du vera anonym og det er gratis.
  • Ring til barnevernet i kommunen der du bur. Du finn telefonnummeret på kommunens si heimeside.
  • Sei ifrå til ein du stolar på og be om hjelp. Det kan vera ein i familien din eller ein annan vaksen.
  • Ring Kors på halsen som har nr. 800 333 21. Det er heilt anonymt og gratis. Du kan også chatta anonymt på nettsida deira korspåhalsen.no.
  • SnakkOmPsyken.no er ei chat-teneste for barn og unge frå 9-19 år.
LES FAKTALUKK FAKTA

Nokre barn må bu på krisesenter saman med ein forelder når familien treng ein trygg stad å vera fordi det har vore vondt eller farleg heime. Krisesenteret er ein stad som skal vera trygg og skjult, slik at den som har gjort noko vondt ikkje kan finna dei.

Men i dag er det ikkje berre låste dører som er viktige for tryggleiken, skriv Forskning.no. Mange barn har mobiltelefon og bruker sosiale medium som Snapchat og Messenger. Nokre appar deler også posisjon. Snap Map, «Finn min iPhone» og delte Apple-kontoar kan visa kvar barnet og familien er. Mange veit ikkje at slike funksjonar er slått på.

Forskarar har funne ut at dette kan gjera det vanskeleg å vera heilt trygg.

– Studien viser at mange av dei tilsette ved krisesentera opplever at sosiale medium truar tryggleiken fordi det gir valdsutøvaren enkel tilgang til barna, seier Carolina Øverlien til Forskning.no. Ho er forskar ved Nasjonalt kunnskapssenter om vald og traumatisk stress.

Barna kan til dømes få spørsmål om å visa rundt i rommet på video, eller dei kan få meldingar frå personen som var farleg heime – utan at dei vaksne veit om det. Det kan vera skummelt og gjera at den som har vore valdeleg framleis har kontroll, sjølv om familien har flytta til krisesenteret.

Kontakt med venner

Samtidig er mobiltelefonen viktig for mange barn. Den gjer det mogleg å halda kontakt med venner. Det kan gjera dei mindre einsame når heile livet plutseleg er snudd på hovudet.

– Kvardagen deira er brote opp, og for mange er mobilen den einaste måten å halda kontakt med venner på. Å forby mobilbruk er derfor ikkje ei enkel løysing, fordi det kan føra til meir isolasjon og einsemd for barna, seier Øverlien.

Dei som jobbar på krisesenter, prøver å hjelpa barna med å bruka teknologi på ein trygg måte. Dei snakkar med både barn og foreldre om korleis ein kan bruka mobilen utan at nokon får vite kvar barnet og familien er.