Kvifor er Noreg supergode på ski?

Noreg har berre 5,6 millionar innbyggjarar – likevel endar landet øvst på medaljestatistikken i vinter-OL. Bak suksessen ligg både lang tradisjon, mykje trening og omfattande forsking på ski, ifølgje forskarar.

Nordmenn er kanskje ikkje fødde med ski på beina, men mange lærer å gå på ski når dei er små. I Noreg har folk brukt ski i fleire tusen år. Forskarar trur at samane brukte ski for 6000 til 8000 år sidan. Det finst også 4000-5000 år gamle teikningar som er rissa inn i stein, kalla helleristningar, som viser skiløparar.

I dag jobbar forskarar med å gjera ski så raske som mogleg. Ein av dei er Audun Formo Buene frå NTNU.

– Me har eksperimentert med å gjera ski raskare så lenge folk har gått på det, seier han til Ung.Forskning.no.

Å eksperimentera betyr å prøva og testa mange gongar for å sjå kva som fungerer best.

Ser på dei små detaljane

Forskarane studerer undersida av skia heilt ned på mikronivå. Det betyr at dei ser på bitte, bitte små prikkar og mønster som nesten ikkje er mogleg å sjå. Desse mønstra kan gjera at skia glir betre på snøen.

Det norske landslaget bruker også spesielle maskiner, kalla slipemaskiner, for å gjera skia så gode som mogleg før konkurransar. Dette kallar dei optimal skiteknikk – altså at alt er så bra som det kan bli.

20 prosent raskare

All denne forskinga har gjort at skiløparar i dag går mykje fortare enn før. Ifølgje forskarane går dei no rundt tjue prosent raskare enn tidleg på 1990-talet.

Det betyr at dersom ein løpar før brukte 10 minutt, kan han eller ho no bruke berre rundt 8 minutt på same tur.

Forskarane seier også at snøen aldri er heilt lik frå dag til dag. Difor må skia ofte tilpassast på nytt før kvar konkurranse.