Fakta om Tuneskipet:
- Det er det første vikingskipet som vart funne i Noreg.
- Skipet vart bygd for over 1100 år sidan, truleg rundt år 910.
- Det er ikkje heilt komplett, men likevel eit av dei best bevarte skipa frå vikingtida.
- Forskarar trur det var eit raskt og langstrekt skip, kanskje brukt til reiser og togter.
Museet heiter Vikingtidsmuseet og ligg på Bygdøy i Oslo. No blir det bygd eit nytt utstillingsbygg heilt inntil det gamle, og Tuneskipet skal inn dit saman med dei andre skipa.
– Gokstadskipet og Osebergskipet er allereie på plass, og når flyttinga av Tuneskipet er unnagjord, kan me alle pusta letta ut, seier museumsdirektør Aud V. Tønnessen til Forskning.no.
Tre historiske skip
Gokstadskipet er allereie på plass i det nye utstillingsbygget. Det er det største og mest komplette vikingskipet som er funne i Noreg. Skipet vart funne i ein gravhaug i Vestfold på 1800-talet.
Osebergskipet, som også er på plass, er kjend for dei vakre utskjeringane sine og flotte detaljar. Det vart funne i ei grav der to mektige kvinner var gravlagde saman med mange kostbare gjenstandar.
Arbeidet med å flytta Tuneskipet starta måndag 23. februar, og vil halda fram i fleire dagar, fordi skipet er veldig gammalt og må behandlast med stor aktsemd.
Når flyttinga er ferdig, vil alle tre vikingskipa stå saman i det nye museet. Då blir det endå enklare for folk å besøkja og læra om korleis vikingane levde.
- LES MEIR: Derfor var vikingane gode sjømenn



















