Netflix har sendt brev fordi ByteDance har laga eit nytt program med kunstig intelligens. Programmet kan laga korte videoar som liknar veldig på Netflix-seriar — utan at Netflix har sagt ja til det, skriv Tek.no.
Netflix seier at dei ikkje har gitt lov til at innhaldet deira blir brukt på denne måten. Derfor krev dei at ByteDance sluttar å bruka kunstig intelligens til å laga slike videoar, fjernar alt som allereie er laga, og forklarer kva som har skjedd.
Om ikkje dette skjer, seier Netflix at dei kan gå til rettssak.






















