Klæbo er tidenes vinterolympiar

Johannes Høsflot Klæbo tok sitt tiande OL-gull, og sitt femte gull i OL i Cortina og Milano denne veka.

Denne artikkelen vart fyrst publisert i Framtida Junior si systeravis, Framtida.no.

Det gjer han til tidenes mestvinnande vinterolympiar, over Bjørn Dæhlie, Marit Bjørgen og Ole Einar Bjørndalen, som har åtte gull.

Han er også utøvaren som har vunne nest mest i OL, under symjaren Michael Phelps, med sine 23 gullmedaljar.

Klæbo har også ein sjanse til å ta endå eit gull søndag, på femmila.