I eksperimentet fekk nesten 500 personar sperra internett på telefonen sin. Det betyr at telefonen berre kunne brukast til samtalar og SMS-meldingar – ikkje til internett, sosiale medium eller appar som bruker internett, skriv Forskning.no.
Skjermtida gjekk ned
Då internett vart blokkert, blei den daglege skjermtida halvert frå eit snitt på rundt 5 timar og 15 minutt om dagen til 2 timar og 40 minutt.
Dei amerikanske forskarane målte også trivselen og helsa til deltakarane. I spørjeskjema før, under og etter forsøket svarte folk at dei fekk:
- Betre merksemd
- Betre søvn
- Betre trivsel og mental helse – som svarer til effekten av kognitiv åtferdsterapi eller antidepressiv medisin
- Meir sosialt samvær
Forskarane meiner at studien gir nyttig innsikt om korleis internettbruk påverkar oss – både mentalt og i kvardagen.






















