Ifølgje ein ny rapport frå Framtiden i våre hender kan små plastbitar frå klede hamna rett i lufta og inn i kroppen vår – sjølv når me berre går med dei, skriv Ung.Forskning.
Når klede er laga av materiale som polyester, nylon eller akryl, betyr det at dei inneheld plast. Ifølgje rapporten reagerer desse kleda med omgivnadene våre på ein måte som gjer at det drysser nemleg ei usynleg sky av mikroplast frå kleda – altså heilt små plastpartiklar som ikkje synest med berre auga.
Lungene betaler prisen
Desse bitte små plastbitane går ikkje berre til havet som vanleg plastforureining. Dei kan også bli luftborne når me bruker kleda. Rapporten forklarer at mikroplast finn vegen ut i naturen og inn i oss menneske – og det kan skje når me pustar inn luft med slike partiklar i.
– Og prisen betaler me med lungene våre, seier Tale Hungnes, leiar i Framtiden i våre hender til Ung.Forskning.
Kva kan me gjera?
Det er gode alternativ til plastklede. Klede laga av bomull, ull, lin, hamp eller silke har naturlege fibrar. Dei slepp ikkje frå seg plast. Eitt viktig tips er også å kjøpa færre klede, slik at me slepp å få så mykje plast ut i verda og inn i kroppane våre.






















