Kvifor bruker avisene teikningar frå rettssaker?

I norske aviser ser me ofte teikna skisser frå rettssalar i staden for bilete. Men kvifor er det slik?

I aviser og nettaviser ser me ikkje bilete frå rettssalen, men teikningar. Det er fordi kamera er forbodne i rettssalen.

Forbodet kom då TV og foto med blits for alvor gjorde sitt inntog i rettssakene. Det skriv Tor-Erling Thømt Ruud på Facebook ifølgje Ung Forskning. Han er programleiar for Krimpodden.

Det kunne skapa uro og stress for dommarane, den tiltalte, offer og vitne.

– Rettssalen fekk eit preg av show framfor rett, ifølgje Ruud.

Vart forbode

Derfor vart foto og video forbode i 1981. I staden vart teikningar løysinga. Ifølgje Ruud er ikkje teikningane meinte å vera fine eller fotorealistiske.

Rettsteiknar Esther Maria Bjørneboe seier at teikningar kan visa mykje eller lite av dei som sit i rettssalen, og at dei skal visa korleis behandlinga går føre seg i rettssalen, slik at me kan stola på det som skjer.

Medievitar Lars Arve Lunde Røssland meiner likevel at det kan verka rart for mange.

– Det ser rart ut på mange måtar, seier han til Ung.Forskning.