I mange år har norske landslagsspelarar fått nye treningsklede til kvart meisterskap. Det har ført til at mykje tøy har blitt liggjande ubrukt heime hos spelarane.
Kaptein Vetle Eck Aga fortel til NRK at både gjesterom og bu er fulle av gamle kolleksjonar. Andre spelarar har også store mengder treningsklede lagra hos seg eller familien.
No har Handballforbundet bestemt seg for å ta grep. Under EM fekk ikkje spelarane lenger gratis treningstøy. I staden fekk dei låna det dei trong, og så leverte dei det tilbake etter bruk.
Viktig for økonomi og miljø

Forbundet meiner endringa er viktig både for økonomien og miljøet. Dei har også redusert talet på draktsett frå tre til to, slik at færre drakter blir produserte og frakta.
Spelarane er positive til den nye ordninga. Sander Sagosen rosar tiltaket og seier:
– Fantastisk! Det er veldig deilig at me spelarar slepp å reisa med ein masse bagar og skal halda styr på det, når me reiser så mykje fram og tilbake, seier stjernespelaren til NRK, og legg til:
– Og så er det fint for miljøet også at me kan ta ned bruken av treningstøy. At det ikkje berre forsvinn ein bag her og der.






















