Jeffrey Epstein var ein rik amerikansk mann som i mange år kjende og møtte svært mange mektige og kjende personar. I 2008 vart han dømd for seksuelle overgrep mot mindreårige jenter. I 2019 vart han på nytt sikta for alvorlege seksuelle overgrep og menneskehandel. Før saka kom for retten, døydde han i fengsel.
Sjølv om Epstein er død, har ikkje spørsmåla rundt saka forsvunne.
Nye dokument i saka
No har det kome fram nye dokument frå etterforskinga av Epstein-saka. Dokumenta viser kven Epstein hadde kontakt med, og korleis han levde. Nokre av desse papira har vore hemmelege lenge, men er no gjorde offentlege. Det betyr at alle no kan lesa kva som står i dei. Dette har ført til mykje snakk – både i media og på sosiale medium.
I dokumenta blir det nemnt namn på mange kjende personar som Epstein møtte eller hadde kontakt med. Politiet har ikkje sagt at dei som er nemnde, har gjort noko gale. Likevel har mange reagert sterkt, fordi Jeffrey Epstein var sikta for overgrep mot barn – noko som er svært alvorleg.
Reaksjonar i Noreg
Også i Noreg har saka fått stor merksemd då dokumenta viser at enkelte nordmenn med viktige jobbar i samfunnet og kongelege hadde kontakt med Jeffrey Epstein. Nokon har hatt kontakt med han etter det ulovlege han gjorde vart kjent i media. Dette har skapt sterke reaksjonar, fordi mange meiner at offentlege personar burde ha vore meir varsame.

Statsminister Jonas Gahr Støre har sagt at det viser dårleg dømmekraft å ha hatt kontakt med Epstein, særleg etter at overgrepa vart kjende. Samstundes har han understreka at det å vere nemnd i dokumenta ikkje er det same som å ha gjort noko kriminelt.
Fleire av dei som blir omtala, har forklart seg i media og sagt at dei angrar på kontakten dei hadde. Mellom anna har Kronprinsesse Mette-Marit og tidlegare statsminister Thorbjørn Jagland fått kraftige reaksjonar etter at det vart kjent at dei hadde privat kontakt med Epstein.
Saka har ført til ein brei debatt i Noreg om ansvar, makt og kva ein kan forventa av menneske i viktige posisjonar.






















