Marius Borg Høiby er son av kronprinsesse Mette-Marit. Han er ikkje kongeleg og har inga offisiell rolle i kongehuset. Likevel er han svært kjend, fordi mange veit kven han er, og fordi han har vakse opp med mykje merksemd rundt seg.

Saka handlar om hendingar som politiet har etterforska, og som no skal behandlast i retten. Det betyr at politiet meiner det kan ha skjedd noko som bryt lova og at retten skal finna ut kva som faktisk skjedde. I retten skal både forklaringar, bevis og vitne bli høyrde.
Det er først etter at retten har gjort jobben sin, at det kjem ein dom.
Marius Borg Høiby er tiltalt for 38 ulike brot på lova. Det betyr at politiet meiner han har gjort fleire ting som ikkje er lov.
Nokre av dei mest alvorlege punkta i tiltalen er:
- fire påståtte tilfelle av valdtekt, altså at fire kvinner seier at han har hatt seksuell kontakt med dei utan at dei sa ja
- mishandling i nære relasjonar, som betyr at han er anklaga for fysisk vald i eit forhold
- truslar med kniv og brot på besøksforbod, som er lover som skal verna ein annan person
- filming av intime delar av personar utan at dei visste om det eller sa ja
- fleire andre punkt som handlar om vald, skadeverk og narkotika
Det er viktig å hugsa at dette er anklagar. Politiet og påtalemakta meiner dette kan vera sant, men det er retten som skal avgjera kva som er bevist.
Uskuldig til det motsette er bevist
Å vera tiltalt betyr ikkje at ein er dømd. Det betyr at politiet meiner det finst grunnlag for å føra saka for retten og at ein domstol skal avgjera om personen er skuldig eller ikkje.
I Noreg er alle uskuldige til det motsette er bevist. Det gjeld for alle – uansett kven ein er.
Når ei rettssak pågår, kan rykte, kommentarar og spekulasjonar gjera skade. Ord kan spreia seg raskt, spesielt på internett. Difor er det viktig å ikkje dela rykte – og ikkje konkludera før dommen kjem.
Kva kan du som lesar gjera?
- lesa forklaringar frå trygge nyheitskjelder
- spørja ein vaksen dersom det er noko du lurer på
- vera varsam i kommentarfelt og i samtalar
- vita at det er retten som skal avgjera kva som er sant



















