Faktaboks: Kva er Gaming Disorder Test (GDT)?
- Gaming Disorder Test (GDT) er ein kort test som blir brukt for å finne ut om barn og unge kan vere i risiko for spelavhengnad.
- Testen består av fire spørsmål om spelevanar, til dømes om det er vanskeleg å slutte å spele, eller om speling går utover skule, familie og venner. For kvart spørsmål svarar ein frå «aldri» til «svært ofte».
- Svar som «ofte» eller «svært ofte» kan tyde på spelproblem. Jo høgare poengsum, desto større risiko.
- Testen byggjer på kriterium frå Verdshelseorganisasjonen (WHO) og kan brukast i skular for å oppdage problem tidleg, før dei blir alvorlege.
- Utvikla i 2021 av psykolog Halley Pontes, som forskar på avhengnad.
Kjelder: Helsenoreg, WHO, The Gaming Disorder Test
Forskarar ved Jönköping Universitet har undersøkt kor mange skuleungdommar som er i risikosona for spelavhengnad. Meir enn 5300 tenåringar frå Jönköping i alderen 15 til 17 år deltok, skriv Framtida.no.
Spelavhengnad handlar ikkje om å lika å spela, men om når spelinga byrjar å ta over kvardagen. I undersøkinga svarte ungdommane på spørsmål om helse og livsstil, inkludert søvn, fysisk aktivitet, velvære og sjølvkjensle. Dei svarte også på kor mykje tid dei brukte på spel.
Svara vart sett i samanheng med kva ungdommane svara på følgande fire spørsmål i testen som blir kalla Gaming Disorder Test (les meir om testen i faktaboksen):
1. Eg har vanskar med å kontrollera spelinga mi.
2. Eg har gitt speling stadig større prioritet framfor andre interesser og kvardagslege gjeremål.
3. Eg har halde fram med å spela eller auka spelinga trass i negative konsekvensar.
4. Eg har opplevd store problem i livet (til dømes personlege, med familien, sosialt, på skule eller jobb) på grunn av spelinga.
Ulikt for jenter og gutar
– Dette er veldig relevante spørsmål når det er snakk om spelavhengnad, seier seniorforskar Beate Wold Hygen til NPK–NTB som fyrst omtala saka. Ho jobbar ved avdelinga Mangfold og Inkludering ved NTNU Samfunnsforskning AS
Studien viser at gutar og jenter har ulike risikofaktorar. Gutar speler dobbelt så mykje som jenter, og hos gutar heng spelproblem ofte saman med dårlegare psykisk velvære. Hos jenter er låg fysisk aktivitet ein viktig risikofaktor.
Tidleg hjelp
Forskarane meiner testen kan brukast tidleg, slik at ein kan hjelpe før problema blir store. Professor Amir Pakpour, som har leia studien, meiner tiltaka bør vere ulike for gutar og jenter.
– For gutar bør fokus liggja på å styrkja psykisk velvære, til dømes gjennom samtalestøtte, stresshandtering og sosiale aktivitetar. For jenter bør tiltak som fremjar fysisk aktivitet – som rørslepausar, idrettsprogram og aktiv fritid – bli brukte for å førebyggja spelavhengnad, seier Pakpour.
Samtidig er forskarane opptekne av at gaming ikkje må få eit dårleg rykte.
– Mange kan bruka mykje tid på å spele og ha mykje glede av det, utan at det er eit problem. Det fungerer for mange unge som ei forlenging av det fysiske sosiale samværet med venner. Problema oppstår først når spelinga byrjar å gå negativt utover livet elles, seier Hygen.






















