Kan vi få eit forbod mot krig?

MEINING: Mange barn i verda har det grufullt. Det er frykteleg å leve i krig. Det blir brukt masse pengar på våpen som ikkje er trong for.

Verda bruker over 27.000 milliardar kroner på våpen og soldatar kvart år. I staden kunne desse pengane blitt brukt på dei barna i verda som treng det. Det er mange som lengtar etter mat, drikke eller klede. Eg synest det er grufullt å ha det så godt, mens mange andre har det forferdeleg. Alle pengane som blir brukt på nye våpen, kunne heller blitt brukt på fattige barn som opplever krig. Og det er ikkje berre små barn som treng hjelpa vår, men vaksne òg.

Viss eg kunne gjort noko, ville eg laga ei lov som gjorde at det hadde vore forbode å angripe familiar som ikkje har noko med krigane å gjere. Krigen mellom Gaza og Israel er eit eksempel på at vanlege folk har blitt utsette for angrep. Krigen har blitt veldig skadeleg, og lastebilar med mat, drikke og helsehjelp var lenge utestengde frå Gaza.

Dessverre er det framleis fleire tusen barn som lid. Folk har mista husa sine, dei har ikkje nok mat og dei må ha meir helsehjelp. Eg synest heller vi burde bruke dei 27.000 milliardane på å hjelpe folk i Gaza, for barn i Gaza skulle sikkert ønske at dei hadde det like godt som oss.

Eg håper at dei som styrer i landa rundt om i verda kan gjere noko med dette. Verda er viktig!

Skribenten går i klassen på Nordsida skule som vann skrivekonkurransen til Framtida Junior om krig og fred.