Er kommentarane ekte – eller skrivne av kunstig intelligens?


Forskarar i Noreg åtvarar mot noko dei kallar «KI-svermar». Det er mange tusen falske brukarar på sosiale medium som eigentleg er laga av datamaskinar – og dei kan prøva å lura oss.

Når du les kommentarar på TikTok, YouTube eller Instagram, trur du kanskje at det er ekte menneske som har skrive dei. Men no seier forskarar at mange kommentarar kan koma frå datamaskinar som latar som dei er menneske, skriv NRK.

Desse vert kalla KI-svermar. Ein sverm kan vera tusenvis av falske profilar som alle skriv omtrent det same. Då kan det sjå ut som om veldig mange meiner noko – sjølv om det eigentleg ikkje stemmer.

Kan påverka folk

– Utfordringa er ikkje lenger berre falske nyheiter, men at sjølve grunnlaget for den demokratiske samtalen – uavhengige stemmer – kan bryta saman, seier BI-professor Jonas R. Kunst i ei pressemelding.

Forskarane er redde for at slike KI-svermar kan brukast til å spreia propaganda og påverka folk sine meiningar på ein urettferdig måte. Då kan det bli vanskeleg å ha ein open og rettferdig samtale i samfunnet.

Må stoppast

Ein annan forskar, Daniel Thilo Schroeder, seier at dei neste åra blir veldig viktige for å stoppa denne typen påverknad.

– Dei kommande åra vil vera avgjerande for om me lykkast med å få bukt med den neste generasjonen av KI-drivne påverknadsoperasjonar, meiner Sintef-forskar Daniel Thilo Schroeder.

Forskinga vart fyrst publisert i det kjende vitskaplege tidsskriftet Science.