Rapporten er basert på intervju med 85 barn og unge. Dei har fortalt om korleis dei bruker KI i skulearbeidet, og kva utfordringar dei møter.
Mange har svara at dei bruker KI til lekser og oppgåver, men at reglane er uklare og ofte ulike frå lærar til lærar og frå skule til skule.
Ikkje fått skikkeleg opplæring
Fleire barn og unge opplever også at dei ikkje har fått skikkeleg opplæring i korleis KI fungerer, eller korleis dei kan bruka teknologien på ein trygg og ansvarleg måte. I staden lærer dei om KI gjennom venner, sosiale medium eller ved å prøva seg fram sjølv.
UNICEF Norge peikar på at kunstig intelligens er eit kraftig verktøy, og at barn ikkje bør stå åleine med ansvaret for å bruka det rett. Dei meiner skulen må ta ei større rolle, både når det gjeld undervisning og felles reglar.
I rapporten kjem UNICEF med tre tilrådingar.
1. La barn og unge få ei reell stemme når retningslinjer for KI skal formast.
2. Sørg for at alle får opplæring i korleis KI kan brukast trygt og ansvarleg.
3. Jobb aktivt for å hindra at nokon fell utanfor i det digitale kappløpet.
Ifølgje UNICEF er målet at kunstig intelligens skal bli eit hjelpemiddel som gir like moglegheiter for alle – ikkje ei kjelde til meir forvirring eller større forskjellar i skulen.
LES OGSÅ: Robotar som venner og hjelparar























