Frankrike er eitt steg nærare ei streng aldersgrense på sosiale medium. Underhuset i den franske nasjonalforsamlinga har nemleg stemt for eit forbod mot sosiale medium for barn under 15 år, ifølgje nyheitsbyrået AFP.
Forslaget handlar om å verna barn og unge på nett. Mange vaksne er bekymra for korleis sosiale medium kan påverka barn, mellom anna når det gjeld press, kroppsbilete og kva dei møter av innhald.
Den franske presidenten støttar forslaget fullt ut. Han hyllar avgjerda og kallar det eit stort steg for å verna barn og ungdom.

Ros frå Noreg
Også i Noreg får forslaget ros. Barne- og familieminister Lene Vågslid meiner det er på tide at fleire land tek ansvar.
– Det er fantastisk å sjå at stadig fleire land anerkjenner at me ikkje kan overlata barna våre til algoritmar og store teknologiselskap, utan å sørgja for at dei blir tilstrekkeleg beskytta mot dei negative konsekvensane dette kan ha, seier ho til NRK.
Men saka er ikkje avgjort enno. No skal forslaget sendast vidare i det politiske systemet. Det betyr at forslaget no skal vidare til senatet, som også må stemma for før reglane eventuelt kan bli innførte.
Viss senatet seier ja, kan Frankrike bli eitt av landa med strengast reglar for barns bruk av sosiale medium.






















