Den nye appen UdenUSA har vorte veldig populær i Danmark. Med appen kan folk skanna strekkoden på ei vare og sjå om den kjem frå USA. Appen kan også foreslå alternativ som ikkje er amerikanske.
– Det er utruleg kult. Eg er stolt over å ha laga ein app som er til nytte, seier Jonas Pipper til VG.
Sterke reaksjonar
Mange i Danmark er misfornøgde med utspel frå Donald Trump om Grønland. Grønland høyrer til Danmark, og saka har skapt sterke reaksjonar. Nokon ønskjer derfor å visa protest ved å unngå amerikanske varer, skriv VG.
Appen har klatra heilt til topps på lista over dei mest nedlasta appane i Danmark.





















