Til saman bur det no rundt 1,405 milliardar menneske i landet. Det er framleis veldig mange – men talet går altså nedover.
Det blir fødd færre barn
Ein viktig grunn til nedgangen er at det blir fødd færre barn. I 2025 vart det fødd 7,92 millionar barn i Kina. Det er det lågaste talet på fleire tiår, skriv NRK.
Året før, i 2024, vart det fødd 9,54 millionar barn, så fallet er stort på berre eitt år.
Samtidig døyr det fleire menneske enn før. I 2025 døydde 11,31 millionar, fleire enn året før.
Når det blir fødd færre barn og fleire blir gamle, endrar samfunnet seg. Kina får fleire eldre menneske og færre unge vaksne som kan jobba.
Mange eldre
Mange millionar menneske er venta å slutta å jobba dei neste åra. Det betyr at færre skal jobba og betala skatt, medan fleire treng pensjon og helsehjelp.
Styresmaktene i Kina er bekymra for denne utviklinga. Når befolkninga blir eldre og mindre, kan det bli
- vanskelegare å tena pengar i landet
- vanskelegare å betala pensjon til dei eldre
- vanskelegare å få folk til å bruka pengar i butikkar og på tenester
Dette kan skapa problem for økonomien i Kina. Kina var lenge det landet i verda med flest innbyggjarar. No har India gått forbi.




















