Nær 3000 fleire barn fødd i Noreg i 2021 enn i 2020

Då Noreg stengde i mars 2020 var det mange par som bestemte seg for å få barn. Omlag ni månader etter nedstenginga, svinga nemleg tala på fødslar opp mange plassar i landet.

Førebelse tal frå Folkehelseinstituttet viser at det vart fødd 56.551 barn i Noreg i 2021. Det er 2.925 fleire enn året før.

Auka er overraskande, ifølgje demograf Astrid Syse i Statistisk sentralbyrå.

– I økonomisk usikre tider og i krisetider er det heller slik at folk ofte utset å få barn, seier ho til NTB.

GIF: Giphy

SSB hadde venta at trenden med nedovergåande fødselstal ville snu først i 2023–2024. Fødselstalet i 2020 var det lågaste som nokon gong er registrert i Noreg, noko .

Folk i Sogn og Fjordane går av med sigeren som dei som har flest fødslar i koronaåret. Finnmark har lågast utvikling i fødselstala.

Det var NTB som fyrst omtala saka.