Visste du at verdas felles reglar
 blir kalla folkeretten?

Kvifor må me ha pass når me reiser? Kvifor er det forbod mot å angripe sivile i krig? Og kven bestemmer eigentleg reglane som gjeld mellom land?

Land i verda har eigne lover, men kva skjer når fleire land må bli einige? Då treng me reglar som gjeld mellom land. Desse reglane kallar me folkerett.
 Framtida Junior har spurt Camilla Guldahl Cooper om kva det eigentleg er. Ho er professor ved Forsvarets høgskule.

Foto: Forsvaret

Kva betyr «folkerett»?

Folkerett er lover og reglar som gjeld mellom statar. Det blir også kalla internasjonal rett.

Kvifor har me folkerett?

Folkeretten er utvikla for å gjera det lettare for statar å samarbeida med kvarandre. I tillegg skal folkeretten bidra til at det blir mindre krig og konflikt mellom land.

Kven bestemmer folkeretten?

Det er statane sjølve som utviklar folkeretten. Samstundes kan statar oppretta internasjonale organisasjonar som bidreg i dette arbeidet. Den viktigaste internasjonale organisasjonen er FN. Avgjerder frå FNs tryggingsråd er bindande for alle statar. Det betyr at alle land er forplikta til å følgja det tryggingsrådet bestemmer.

Korleis påverkar folkeretten vanlege folk?

Folkeretten påverkar mykje av kvardagen vår. For eksempel er det derfor vi må ha pass for å reisa til andre land, og derfor Noreg kan bestemma kven som får lov til å flytta hit. 
Folkeretten blei også brukt til å forby farlege gassar, blant anna i hårspray. Det bidrog til at ozonlaget blei betre igjen.
 I 2024 kom det òg eit krav om at alle nye mobiltelefonar skal ha same type ladar. Dette kravet kjem frå EU-reglar, som er ei form for folkerett.

Kva er forskjellen på krigsfolkeretten og annan folkerett?

Krigsfolkeretten er ein av dei eldste delane av folkeretten. Han gjeld berre i krig, eller væpna konflikt, som det også blir kalla.
 Reglane seier blant anna kven det er lov å kriga mot, kven som skal vernast, og korleis fangar skal behandlast. Krigsfangar skal behandlast bra. Det finst også reglar for å byta krigsfangar, slik Russland og Ukraina gjer.

Det er ikkje lov å angripe sivile. Men i nokre heilt spesielle tilfelle kan eit angrep vera lovleg, sjølv om sivile blir drepne, dersom angrepet er svært viktig og ikkje kunne vore gjort på ein annan måte.

Har du eit enkelt døme på ein folkerettsregel som er bra å vita om?

Menneskerettane, som er ein annan viktig del av folkeretten, seier blant anna at barn har rett til skule og helsehjelp. Dei seier også at alle menneske skal få bestemma sjølve kva religion dei vil ha.