Optimisme kan faktisk gjera kroppen sterkare

Forskarar har funne ut at det å tenkja meir positivt ikkje berre er bra for humøret – det kan også dempa betennelse i kroppen.

FAKTA: Kva er ein optimist?
  • Ein optimist er ein person som har ein tendens til å sjå det positive i situasjonar, og som trur at ting oftast vil gå bra – også når noko er vanskeleg eller usikkert.
  • Ein optimist har tru på framtida og på at problem kan løysast. Dette betyr ikkje at ein optimist ikkje ser problem, men at ein har ei grunnleggjande haldning om at det finst håp og moglegheiter.

Kjelde: Store Norske Leksikon

LES FAKTALUKK FAKTA

Har du høyrt at det er sunt å tenkja positivt? No viser ny forsking at det kanskje stemmer på ein heilt ekte måte.

Det handlar om noko forskarane kallar betennelse – eit signal i kroppen som blir sterkare når me er stressa eller har vondt. For mykje betennelse er ikkje bra, og då kan kroppen trenga hjelp.

Kan påverka kroppen

Forskarane såg at menneske som har ein optimistisk tankegang – altså tenkjer at ting kjem til å gå bra – hadde mindre betennelse i kroppen enn dei som tenkte meir negativt. Det tyder på at måten me tenkjer på faktisk kan påverka korleis kroppen reagerer, skriv Forskning.no.

Det betyr ikkje at me alltid må vera glade heile tida, men at det å ha ei positiv innstilling kan hjelpa kroppen vår med å halda seg friskare.

Forskning.no har intervjua Maja Eilertsen er førsteforfattar av den nye studien. Ho har sjølv jobba som fastlege og sett folk i mange situasjonar og korleis livskvaliteten har påverka dei.

Her er hennar tips til meir livsglede (forklaringa under kvart punkt er skrive av Framtida Junior).

1. Ver til stades her og no

Å vere til stades her og no betyr å leggja merke til det som skjer akkurat no. Det kan vera å kjenna pusten din, høyra lydar rundt deg eller leggja merke til korleis kroppen kjennest. Når du er her og no, tenkjer du ikkje på det som skjedde i går eller det som kanskje skjer i morgon – du er berre her, akkurat no.

2. Ver fysisk aktiv


Å vere fysisk aktiv betyr å røra på kroppen. Du treng ikkje driva med hard trening – det kan vere å gå ein tur, leika, dansa, spela ball eller sykla. Når kroppen rører på seg, får hjernen det også betre, og mange kjenner seg både gladare og rolegare etterpå.

3. Hald fram med å læra


Å læra er meir enn skule og lekser. Det kan vere å øva på noko du likar, prøva noko nytt eller bli betre i noko du allereie kan. Når du lærer, veks du, og du kan kjenna meistring og engasjement. Det gjer det lettare å tru på deg sjølv.

4. Knyt band


Å knyta band betyr å vera saman med andre og ta vare på veneskap. Det kan vera å snakka med ein venn, le saman, spela spel eller berre vera i lag. Me treng andre menneske rundt oss – både nære venner og folk me ikkje kjenner så godt – for å kjenna oss trygge og mindre åleine.

5. Gi, bidra, hjelp og støtt


Når du gjer noko godt for andre, som å hjelpa nokon, seia noko fint eller dela av det du har, skjer det noko fint i deg også. Å bidra gjer at du kjenner deg viktig og nyttig, og det kan gi ei god kjensle inni kroppen. Når me gjer verda litt betre for andre, blir ho også betre for oss sjølve.