Viss vi hjelper folk, vil andre land tenkje at vi gjer nytte for oss og då vil dei ikkje gjere oss noko vondt. Då treng vi heller ikkje å styrke militæret vårt.
Sidan vi har så mykje pengar i Oljefondet, kan vi ikke bruke dei på å lage fred? Viss det var fred i verda ville vi ikkje trengt å styrke forsvaret vårt, og då kunne vi heller ha brukt pengane på skule og barnehager.
Viss skulane får meir pengar, kan det hjelpe til med å kjøpe inn nytt utstyr og det kan gjere at barn får ei betre utdanning og ein betre kvardag på skulen. Det kan også bli enklare for lærarane å lære bort når det er betre kvalitet på skulebøkene. Alt dette kan gjere Noreg endå rikare fordi då kan dei fleste få bra jobbar. Det kan gjere Noreg til eit smartare land og då kan vi finne nye måtar å leve på der vi ikkje bruker så mykje gass slik at vi ikkje øydelegg heile jorda for dei neste generasjonane.
Eg håpar du begynner å tenke meir.
Skribenten går i klassen på Nordsida skule som vann skrivekonkurransen til Framtida Junior om krig og fred.






















