Verda bruker 27 000 milliardar kroner på militæret – bruk heller pengane på å gjera livet til folk betre!

MEINING: I verda i dag bruker vi over 27 000 milliardar kroner på militæret, og det synest eg er en veldig dårleg bruk av pengar. Militæret gjer ikkje folk sitt liv betre.

Eg hadde heller brukt 27 000 milliardar kroner på å hjelpe alle barn og vaksne slik at dei har nok mat og drikke, og slik at dei kan få seg hus og bu i. Eg har lyst til å hjelpe alle barn, vaksne og familiar rundt om i verda slik at dei har nok pengar til å leve eit ordentleg og bra liv. Alle menneske har rett på nok mat og drikke og ein trygg plass å bu sånn at dei ikkje døyr av svolt eller av hypothermi – når du blir for kald.

Vi på jorda burde bli flinkare til å hjelpe folk rundt oss sånn at det ikkje blir meir og meir folk som døyr av svolt.

I 2024 opplevde cirka 8,2 prosent av verdas befolkning svolt. Det tilsvarer 673 millionar menneske. Svolt gjer at folk ikkje kan gå på jobb, og at ungar ikkje kan utvikle seg på den måten dei skal. Det hadde vore mykje betre å bruke pengane til å utrydde svolt enn å støtte krigar som skapar meir svolt.

Viss vi har fokus på å hjelpe kvarandre og ikkje på krig, då blir verda ein betre plass for alle å bu.

Skribenten går i klassen på Nordsida skule som vann skrivekonkurransen til Framtida Junior om krig og fred.