Kvifor feira 250 millionar menneske jul i går?

Ortodokse kristne feirar jul 7. januar.

Du har kanskje kasta ut juletreet, men for millionar av kristne var det først jul i går.

Det er ikkje fordi dei trur Jesus blei fødd 7. januar, men fordi dei følger ein annan kalender.

Ifølge Al Jazeera dreier det seg om 250 millionar menneske i land som Egypt, Russland og Etiopia.

GAZA: Palestinske kristne deltok på julegudsteneste i Gaza. Foto: Jehad Alshrafi/AP Photo/NTB
LITAUEN: Ein kristen i Vilnius tenner lys i kyrkja. Foto: Mindaugas Kulbis/AP Photo/NTB

Kyrkjene følger ulike kalendrar

I kristendommen er det tre hovudretningar: protestantismen, katolisismen og den ortodokse kyrkja. Ortodoks betyr rettruande.

Kalenderen vi bruker i Noreg i dag, er den gregorianske kalenderen. Det har vi gjort sidan år 1700. Før det brukte vi den julianske kalenderen.

Mange ortodokse kyrkjer følger framleis den julianske kalenderen når det kjem til merkedagar i året. Ifølge denne kalenderen er første juledag 7. januar.

ETIOPIA: I Addis Ababa feira dei julekvelden med å kle seg i kvite klede. Foto: Amanuel Sileshi/AP Photo/NTB
RUSSLAND: Russiske elevar ved ein offiserskule deltok i gudstenesta i Moskva. Foto: Igor Palkin/Russian Orthodox Church Press Service via AP/NTB

Ukraina bytte dagen for julefeiringa

Ukraina pleidde å feire jul 7. januar. Men i 2023 bestemte dei seg for å endre til 25. desember, slik at dei feirar samtidig som dei fleste land i verda. Endringa gjer at Ukraina ikkje lenger feirer jul same dagen som Russland.

UKRAINA: Barn i byen Lviv deltok i ein juleparade 24. desember 2025. Foto: Mykola Tys/AP Photo/NTB