– Me syntest det var utruleg ubehageleg. Det var vondt å vera vitne til, seier forskar Marit Ursin til NRK.
I klasserommet fekk barna leika med ulike barbiedokker, med ulik hudfarge og kroppsfasong. Då endra leiken seg. Nokre dokker vart populære, medan andre nesten aldri vart valde.
Er det rettferdig at nokon blir valde bort i leik fordi dei har ulik hudfarge eller kropp?
Er det rettferdig at nokon blir valde bort i leik fordi dei har ulik hudfarge eller kropp?
Forskarane såg at barna laga eit slags hierarki, som betyr ei rangering der nokon blir sett på som viktigare enn andre.
– Det blir skapt eit hierarki av kva dokker barna ville leika mest og minst med. Barna gir dokkene eigenskapar ut frå hudfargen og kroppsfasongen til dokkene, seier forskar Carla Ramirez til NRK.
I historiene barna laga, vart lyse og slanke dokker ofte snille og populære. Dokker med mørkare hud fekk oftare roller som slemme, vonde eller triste.
– Dei som var slemme, vonde eller offer, var dei mørke barbiedokkene, seier Ramirez.
I tillegg såg forskarane at den litt meir fyldige dokka ofte vart ignorert eller mislikt.
Forskarane meiner dette kan vera teikn på diskriminering, som betyr å behandla nokon urettferdig, og rasisme, som handlar om å vurdera nokon ut frå hudfarge eller bakgrunn.
Visste ikkje kvifor
Til vanleg leika barna godt saman, same kven dei var. Det var først i leiken med dokkene desse mønstera vart tydelege. Då forskarane snakka med barna etterpå, visste dei fleste ikkje kvifor dei hadde valt som dei gjorde.
Forskarane meiner vaksne bør følgja med på korleis barn leikar, og snakka med dei om rettferd, ulikskap og det å vera snill mot alle.





















