Dette landet bytte hovudstad

Eit av dei minste landa i Afrika fekk ny hovudstad.

Ekvatorial-Guinea

Innbyggartal: 1,9 millionar

Offisielle språk: Spansk og fransk

Storleik: 28 050 km²

Nasjonaldag: 12. oktober

Valuta: cfa-franc

Nasjonaldyr: sjiraff

Trass i namnet, ligg ikkje landet på ekvator.

Kjelde: Vesle norske leksikon

LES FAKTALUKK FAKTA

Laurdag melde myndigheitene i det afrikanske landet Ekvatorial-Guinea at dei bytte hovudstad. Det melder avisa Le Monde.

Må byte av omsyn til sikkerheita

Den tidlegare hovudstaden Malabo ligg på ei øy. Presidenten i landet, Teodoro Obiang Nguema Mbasogo, hevdar regjeringa har blitt utsett for angrep frå sjøen. Han meiner derfor at landet må byte hovudstad av omsyn til tryggleiken.

Verdas lengstsittande diktator

President Mbasogo har styrt Ekvatorial-Guinea sidan 1979. Då tok han makta ved eit kupp, som vil seie at han tok makta ulovleg.

PRESIDENT MBASOGO: 84 år gamle Teodoro Obiang Nguema Mbasogo har vore president i Ekvatorial-Guinea sidan 1979. Foto: Ludovic Marin/Pool via AP, File/NTB

Det er ikkje frie val i Ekvatorial-Guinea, og landet blir rekna som eit diktatur med mykje korrupsjon. Mbasogo er den diktatoren i verda som har styrt lengst.

Den nye hovudstaden ligg på fastlandet. Namnet på byen er Ciudad de la Paz. Det betyr «fredens by».