– Eg heiter Ibrahim Mohammed Albelbaisi. Eg er 12 år gammal og fordriven frå Tal Alahawa. Kvar dag vaknar eg, vaskar ansiktet, hentar mat frå Tekkeya (matsentralen), fyller vasskanner, og så leikar eg.
– Det eg ønskjer meg mest av alt, er å kunna bu i huset vårt igjen, på ein trygg stad. Eg er redd for bombene og for å måtta flykta på nytt. Det som gjer meg glad, er å sitja saman med mamma og pappa og snakka med dei.
Trygg i heimen vår
– Draumen min for framtida er å bli lege. Det einaste staden som får meg til å kjenna meg trygg, er heimen vår. Eg ønskjer at verda skal stansa krigen, bombinga og all fordriving, slik at alle kan få leva eit trygt liv.
Her kan du sjå video av Ibrahim Mohammed som fortel om livet sitt på flukt.
– Eg vart med i prosjektet The Magic Mitten. Eg elskar det fordi eg lærer korleis eg kan kontrollera kjenslene mine, hendene mine og livet mitt. Eg håpar prosjektet held fram og når ut til fleire barn.
Ibrahim er med i Magic Mitten-prosjektet, eit initiativ som lærer barn å handtera kjensler midt i krig og uro. Prosjektet blir støtta av Palestine Play Projects og blir koordinert av London House of Consultants i samarbeid med Magic Mittens og Child Smile Initiative.
Artikkelen er ein del av prosjektet vårt «Krig og fred», og er støtta av Fritt Ord.






















