Du kan velja mellom to tema:
1. SOSIALE MEDIUM:
Skriv om f.eks.
• Kva meiner du om sosiale medium? Korleis påverkar sosiale medium livet til barn?
• Kva tenkjer du om forslaget om aldersgrense på 15 år for å bruka sosiale medium?
2. TIDSMASKINA:
Skriv ein tekst eller lag ein teikneserie om å reisa i tidsmaskin tilbake i tid.
• Kva tid i historia ville du reist tilbake til?
• Korleis trur du det hadde vore å leva på denne tida?
• Kva tid i historia trur du det hadde vore best å vera barn?
Du kan la deg inspirera av Tid for ti 2026, der finn du tekstar om begge tema, og mange ulike måtar å fortelja på.
Du kan skrive ein faktatekst, eit lesarinnlegg eller ei fantasihistorie – alle sjangrar er velkomne!
Krav:
– Teksten må vera mellom 100 og 400 ord.
– Teksten må vera på nynorsk for å bli med i trekkinga av premiar. (Om ikkje alt er rett, så går det fint. Me hjelper til med rettskrivinga på dei tekstane som blir publiserte.)
Frist: 10. mars 2026
Skrivekonkurransen er open for alle mellom 7 og 13 år.
Vinn fine premiar
Dei beste bidraga blir publiserte i Framtida Junior. Me plukkar òg ut fleire bidrag som får t-skjorte og papiravisa Framtida junior i posten eller bokpakke frå Stiftelsen LESE. Den beste klassen med flest gode tekstar og teikneseriar får 2000 kroner i premie.
Tips
Her finn du tips til å skriva lesarbrev!
Innsending
Send teksten kopiert inn i ein e-post til framtidajunior@gmail.com og petra@stiftelsenlese.no. Det går òg an for læraren å senda alle tekstar frå klassen samla.
Skriv «Skrivekonkurranse 2026» i emnefeltet. Hugs namnet ditt og kva slags skule du går på.
Konkurransen er eit samarbeid mellom Framtida junior og leseaksjonen Tid for ti i regi av Stiftelsen LESE. På tidforti.no kan du lese utdrag frå fleire gode bøker.






















