Barn og unge bruker kulturtilbod meir enn vaksne

Dei yngste deltar oftast, viser statistikken.

Kino er det mest populære kulturtilbodet blant barn og unge. Men barn og unge går også oftare på teater, museum eller bibliotek enn vaksne, skriv Statistisk sentralbyrå.

Dei har sett nærmare på tala frå Norsk kulturbarometer 2023, der barn og unge mellom 9 og 15 år blei spurde om kor ofte dei brukte ulike kulturtilbod.

Skulen er viktig for kulturopplevingar

Barn og unge i undersøkinga møtte ein stor del av kulturtilbodet i skuletida. Det kan til dømes vere at Den kulturelle skulesekken kom på besøk til skulen deira, eller at dei besøkte eit museum med klassen.

Bruken av kulturtilboda varierte ein del blant barna. Kor dei budde og kva kulturtilbod som fanst i nærleiken, var med på å påverke dette. Til dømes svarte 28 prosent at dei gjerne skulle besøkt museum oftare, men det var enten for stor avstand, dei hadde ikkje tid, eller det var for dyrt.