Nederland forbyr fyrverkeri

Denne nyttårsaftan kan vere den siste det er lov å sende opp rakettar.

Mange blir skadde på grunn av fyrverkeri. Tidlegare i år stemte derfor nasjonalforsamlinga i Nederland for å forby folk å kjøpe og sende opp fyrverkeri. Eit fleirtal av befolkninga støttar forbodet, skriv NL Times.

Forbodet vil først gjelde frå nyttårsaftan i 2026. I kveld er dermed den siste nyttårsaftan nederlendarar har lov til å feire med fyrverkeri.