På sju veker har den norske familiekomedien drege forbi alle andre filmar som har hatt premiere i 2025. Både den norske storfilmen «Blücher», den internasjonale megahiten «Ein Minecraft-film» og «Mission Impossible» må sjå seg slått av fire norske mus på krigsstien.
Bortsett frå dei spesielle pandemiåra må me heilt tilbake til 2016 for sist gong ein norsk film var årets mest sette film på kino.
– Dette er utruleg gøy, seier Martin Sundland, ein av produsentane til filmen.
Det er ikkje berre nordmenn som har late seg begeistra av fire svært intelligente mus som nektar å gi frå seg huset sitt. Publikum i Tyskland, Polen, Tsjekkia, Slovakia og Frankrike har også omfamna filmen. Filmen har så langt selt godt over éin million kinobillettar utanfor Noreg.






















