Ein knøttliten frosk har vorte funne i regnskogen

Forskarar har gjort eit spennande funn i regnskogen i Brasil. Dei har oppdaga ein heilt ny froskeart som ingen har sett før! Denne frosken er superliten – så liten at han nesten er umogleg å få auge på.

Denne frosken har ingen forskarar sett før, skriv Ung.Forskning.no. Han finst i eit fjellområde som heiter Serra do Quiriri, og lever blant lauv som ligg på bakken i regnskogen.

Frosken har fått eit namn fordi han har ein spesiell farge.

Kan du gjette kva namn han har fått?

Ja, han er oransje…, og kva anna er oransje?

Graskar!

Forskarane bestemte seg derfor for å kalla han graskar-minifrosk eller pumpkin toadlet på engelsk.

Kor liten er han eigentleg?

Frosken er berre fem millimeter brei, og hovudet er berre nokre få millimeter langt. Han er så liten at han kan sitja på tuppen av ein blyant! Det betyr at om du hadde putta fleire froskar inn i ei heilt vanleg fyrstikkeske, kunne du fått plass til mange!

Truga art

Forskarane seier at frosken lever på eit svært lite område i fjella. Det gjer han sårbar, altså lett å bli truga eller utrydda.

Det finst faktisk mange andre froskar som er like små. Ifølgje forskarane finst det 42 ulike kjende mini-froskar som er i slekt med denne nye frosken, og 35 av dei er oppdaga sidan år 2000.

Nokre froskar er faktisk endå mindre enn graskar-minifrosken.