Julia (10) har flykta frå Gaza: – Me er barn, akkurat som dykk

Julia Abu Shawareb saknar familiesamlingane og dagane ho kunne leika fritt med vennene sine. Ho drøymer om å bli lege – og håpar verda vil hjelpa Gaza slik at barna der kan leva i fred.

– Eg heiter Julia. Eg er fordriven frå Al-Nasr-nabolaget og er 10 år gammal. Kvar dag vaknar eg, vaskar ansiktet, ryddar litt, så lagar me frukost, og eg tek ein dusj.

– Lyden av bomber gjer meg redd. Det som gjer meg glad, sjølv i vanskelege tider, er å hugsa familiesamlingane våre. Pappa er den som får meg til å kjenna meg trygg.
 Før krigen hugsar eg at eg pleidde å leika med vennene mine og dra til chaletet (sommarhuset).

Vil bli lege

– Draumen min for framtida er å bli lege. Eg kjenner meg trygg når me er i huset vårt.
 Eg ønskjer at verda skal hjelpa Gaza slik at me kan leva i fred.
 Meldinga mi til barna i andre land er: me er barn, akkurat som dykk.

Her kan du sjå video av Julia som fortel om livet sitt på flukt.

Julia er med i Magic Mitten-prosjektet, eit initiativ som lærer barn å handtera kjensler midt i krig og uro. Prosjektet blir støtta av Palestine Play Projects og blir koordinert av London House of Consultants i samarbeid med Magic Mittens og Child Smile Initiative.

Artikkelen er ein del av prosjektet vårt «Krig og fred», og er støtta av Fritt Ord.