– Dette er eitt av dei største og eldste fotsporfunna i Italia, og blant dei mest spektakulære eg har sett på 35 år, sa dinosaurforskar Cristiano Dal Sasso på ein pressekonferanse på tysdag, ifølge Reuters.
Nokre av spora er 40 cm breie og viser kloremerke. Området med dinosaurspor strekker seg over fem kilometer nær byen Bormio. Der skal Italia halde nokre av konkurransane under vinter-OL i februar 2026.
For 200 millionar år sidan var området ein varm lagune. Forskarane trur spora tilhøyrer ein flokk plantetande plateosaurar som gjekk langs strendene som fanst der på den tida.

Spora skal undersøkast med dronar
Spora blei oppdaga av ein naturfotograf i september. Området er på ein loddrett fjellvegg, så ein kan ikkje gå der til fots. Derfor vil forskarane bruke dronar for å undersøke spora nærmare.























