Superteknologien som kan redda folk frå slangebit

Det som ein gong blei brukt til å laga koronavaksine, kan no hjelpa menneske som blir bite av giftige slangar.

Under koronapandemien fann forskarar opp ein metode som heiter mRNA-teknologi. Det kan høyrast vanskeleg ut, men eigentleg er det litt som å senda ein beskjed til kroppen. mRNA er som ei lita oppskrift som fortel cellene kva dei skal laga – for eksempel eit stoff som kan verna deg.

Med denne teknologien kan kroppen sjølv laga det forskarane ønskjer, utan at ein treng å bruka ekte virus eller gift. No testar forskarar om den same teknologien kan få kroppen til å laga motgift mot slangegift, skriv Ung.Forskning.no.

Mange døyr

Rundt 110 000 menneske døyr kvart år etter å ha blitt bite av slangar, og mange fleire får varige skadar.

Dagens motgift blir laga ved å bruka gift frå ekte slangar og blod frå hestar – noko som tek lang tid og kan gi biverknader.

Mus som overlevde

Forskarar har testa den nye ideen på mus. Dei fekk ei mRNA-sprøyte som gjorde at kroppen sjølv laga motgift. Då musene seinare fekk gift frå ein av verdas farlegaste slangar, blei dei ikkje sjuke.

Enno ikkje klart for menneske

Metoden må utviklast meir før den kan brukast på folk. Musene fekk motgifta to dagar før dei blei bite, så forskarane må finne ut korleis det kan fungera etter eit bit òg.

Men håpet er stort.

– Kanskje kan det stoppa farlege giftstoff frå bakteriar òg, seier forskar Andreas Laustsen i ei pressemelding.