Barn blir hardast ramma av atomvåpen. Det viser ein ny rapport frå Redd Barna, Norske leger mot atomvåpen og ICAN Norge.
Organisasjonane ICAN Norge, Redd Barna og Norske leger mot atomvåpen jobbar for å kvitte verda med atomvåpen.
Framtida Junior pratar med dagleg leiar i Norske leger mot atomvåpen, Maja Fjellvær Thompson, om konsekvensar og uro for ein atomkrig.
– Vi ser at atomvåpenstatar både mobiliserer og aukar atomvåpenarsenalane sine, trass i at fleire av dei har ei forplikting om å ruste ned, seier Maja.

Ni land i verda har atomvåpen; Russland, USA, Frankrike, Kina, Storbritannia, India, Pakistan, Israel og Nord-Korea. Desse landa er atomvåpenstatar. I tillegg er rundt 100 atomvåpen plassert i ulike land som er alliert med atomvåpenstatar. Det finst òg ubåtar og skip i internasjonalt farvatn utstyrt med atomvåpen.
Kva skjer når atomvåpen detonerer?
Dagens atombomber er mykje kraftigare og større enn dei som amerikanske soldatar sprengde over dei japanske byane, Hiroshima og Nagasaki i 1945. Atombomber vert kalla masseøydeleggingsvåpen.
– Det er lagd for å øydeleggje byar, ta liv av menneske, seier Maja.

Ho seier at Norske leger mot atomvåpen har eit ansvar for å dele informasjon om kva ei atombombe gjer med menneskekroppen.
Det aller første som skjer når ei atombombe går av er at ei kule av eld dannar seg der bomba går av. Kula er så brennande heit at alt som blir fanga i ho forsvinn i varmen. Så vil ei trykkbølgje som pressar alt rundt seg vekk spreie seg vidare ut, og forårsake at menneske, vegar og bygningar blir øydelagde. I tillegg til dette vil bomba sende radioaktive strålar fleire mil av garde, avhengig av kor stor bomba er og kva vêr det er. Dersom det blæs, kan strålingane rekke lenger. Alt dette skjer i løpet av sekund.
Den radioaktive strålinga kan føre til akutt strålesjuke, og kan òg skape helseproblem seinare i livet. Personar som har vore utsett for radioaktiv stråling kan utvikle kreft seinare i livet.
– Veldig mange som engasjerer seg
Maja erfarte at det var mange unge som byrja å bekymra seg for atomkrig då Russland invaderte Ukraina i 2022. Men sjølv om atomtrugselen er skummel og ein skal ta det alvorleg, så meiner Maja at det er mykje som skjer i ei positiv retning.
– Det er veldig mange som engasjerer seg for å gjere noko med det her, og det er framgang på feltet, seier ho.
Til dømes støttar 99 land FNs atomvåpenforbod. Det er over halvparten av verdas land. Noreg er ikkje ein av desse landa, noko Norske leger mot atomvåpen skulle ønskje dei var.

Maja meiner at rapporten er veldig tung å lese. Han fortel kva som skjer med barn som vert utsett for ei atombombe. Men sjølv om rapporten er tung, så må sanninga fram.
– Vi kan ikkje gøyme oss vekk frå realiteten at Noreg aksepterer denne enorme risikoen, det hjelper ikkje barn at vi ignorerer risikoen. Tvert imot trur eg det har noko å seie at vi både viser at vi som vaksne engasjerer oss og tar ansvar i arbeid for å bli kvitt dette våpenet, seier Maja.
«Avskrekking»
På spørsmål om kvifor Noreg ikkje vil gå inn i avtalen til FN om atomvåpenforbod svarar forsvarsminister Tore O. Sandvik i ein e-post at det er grunna Noregs medlemskap i Nato.

– Noreg kan ikkje gå med i eit forbod som set Nato-samarbeidet i fare, skriv Tore.
Han fortel at Noreg ikkje kan forsvare seg aleine og at landa i Nato legg forsvarsplanar der atomvåpen og avskrekking er ein del av strategien.
– Nokre land har atomvåpen fordi dei ser på det som ein viktig måte å kunne forsvare seg sjølv på. Tanken er at om folk veit at eit land har atomvåpen, vil dei bli redde og ikkje angripe – det blir kalla avskrekking, forklarer han.
Han meiner at det å ha atomvåpen når andre land har atomvåpen er ein garanti for tryggleik.
«Steadfast Noon»
Norske leger mot atomvåpen meiner at Noreg ikkje tar stor nok avstand til atomvåpen. Dette er noko Noreg viser ved å delta på Nato-øvingar som handlar om korleis å bruke atomvåpen i krig.
– For nokre veker sidan deltok Noreg på ei Nato-øving som heiter «Steadfast Noon». Der er det eit mindretal av Nato-landa som har vore med, seier ho.
Steadfast Noon er ei øving på korleis å angripe med atomvåpen. Sjølve øvinga brukar ikkje ekte atomvåpen og ho er ikkje retta mot spesifikke motstandarar, heiter det i ei pressemelding frå Forsvaret.
– Med bak kulissane
Noreg var med som observatør for første gong i 2023. I fjor hadde dei med stabsoffiserar, og i år deltok dei med jagarfly av typen F-35.
Forsvarsministeren fortel at å delta med stabsoffiserar er ein måte å forstå kva det er som skjer i ei øving. Stabsoffiserar er med på bakken og hjelper til med å planlegge øvinga.
– Det er som å vere med bak kulissane for å forstå og øve på kva ein skal gjere viss ei krise oppstår, forklarar Tore.

Han fortel at det å delta med jagarfly i årets øving var for å vise at Noreg kan bidra i ein felles operasjon dersom det blir naudsynt.
– Dei har ikkje atomvåpen og trenar ikkje på å sleppe atomvåpen, seier han om det norske forsvaret si deltaking på øvinga. Han legg til at Noreg sine jagarfly ikkje er rusta til å bere atomvåpen.
I år deltok atomvåpenstatane USA og Storbritannia. Utanom desse to, var det tolv andre Nato-land som deltok. Dette vil seie at over halvparten av Nato-landa ikkje deltar. Det inkluderer Frankrike, som sjølv er ein atomvåpenstat.
Viktig å prate med barn om atomvåpen
Maja fortel om ei undersøking frå Norsk Folkehjelp som viser til at nesten 8 av 10 nordmenn ønskjer at atomvåpen skal avskaffast.
– Grasrota av befolkninga tar veldig ansvar når det kjem til atomvåpen, seier ho.

Å prate med barn om atomvåpen er noko Maja tykkjer er veldig viktig, sjølv om det kan vere skummelt, for det er eit veldig alvorleg tema.
– Vi må klare å skape eit håp, eit engasjement. Vi har jo sett frå historia at det er i dei periodane der det har vore høg spenning eller ein har vore mest bekymra for at eit atomvåpen skal bli brukt i eit åtak, at det er då vi har fått til framsteg for nedrusting, og fått til konkrete avtalar, seier ho på oppløftande vis.
Artikkelen er ein del av prosjektet vårt «Krig og fred», og er støtta av Fritt Ord.






















