Barna arrangerte fredsprisfest: – Vi hyllar ho og lagar ein fest for ho

Maya, Joanna, Philip og Marie er fire av tolv barn som har arrangert Barnas fredsprisfest 2025.

Sidan 1997 har Barnas fredsprisfest vore på det offisielle programmet til Nobels fredspris. Her er det barn som arrangerer og berre skuleklassar kan melde seg på som publikum.

Framtida Junior snakkar med sjuandeklassingane Maya Wisniowska Hussein (12), Joanna Fonkalsrud (12), Philip Møller Dybvik (12) og Marie Høberg Skarheim (12) som har vore med å planleggje festen sidan slutten av september.

– Det var då vi starta med litt små idear, og så heldt vi fram å kome med små idear og leggje på dei små ideane til dei store ideane. Til slutt så vaks det til å bli det vi har i dag, seier Philip.

Philip Møller Dybvik (12). Foto: Vilde Standal Bøyum

«Iskrem på pinne»

Fredsprisfesten hadde soloinnslag frå 14-åringen Aryaan Mansoor som kom med sommarhiten «Iskrem på pinne», og 16-åringen Olivia Gnananantham Husabø som kom til finalen i the Voice.

SYNG MED: Aryaan Mansoor (14) syng hit-songen sin «Iskrem på pinne». Her lar han barna stemme i. Foto: Vilde Standal Bøyum

I tillegg var det danseinnslag frå Subsdans, teater frå fleire av deltakarane, kammermusikk frå Kvartett og song frå Bislett Guttekor.

Kva er det kulaste de skal vise fram i dag?

– Det er eit skodespel, som handlar om korleis det er å vere barn i Venezuela. Det er kanskje ikkje så kult, men det er noko nytt, seier Maya.

SKODESPEL: På programmet er eit skodespel med forteljingar frå barn i Venezuela. Nokre av dei er svoltne, nokre veit ikkje når dei får sjå foreldra sine att. Foto: Vilde Standal Bøyum

– Sluttnummeret er jo ofte det beste, legg ho til.

– Kjemper for ei viktig sak

Årets fredsprisvinnar er María Corina Machado, som er frå Venezuela.

– Kva tenkjer de om årets fredsprisvinnar? 

– Vi tenkjer at det er fint at ho vann, for ho kjempar for ei veldig viktig sak. Og så er det veldig fint at ei kvinne vann, då, seier Marie.

Marie Høberg Skarheim (12). Foto: Vilde Standal Bøyum

– Det er lenge sidan ei kvinne har vunne, stemmer Philip i.

I media har fleire sagt at dei er ueinige i at María Corina Machado skulle få prisen, men desse fire ser det som er bra med at ho vann.

– Ho har gjort ein bra kamp for demokrati i Venezuela, så då støttar vi det, seier Joanna.

– Mange ser på det litt negative om ho, men vi tenkjer at vi skal hylle ho og lage ein fest for ho for det ho har gjort som er bra. Vi må tenkje på at vi har folk som ho som kjempar, og som vinn fredsprisen. Det er veldig bra, seier Maya.

Situasjonen i Venezuela

Joana fortel om korleis livet er i Venezuela.

– Det er diktatur i Venezuela og det er mange som har dårleg råd. For eksempel er det berre 40 prosent som går på skule av barn, og lærarar må ha tre-fire jobbar for å overleve og få nok mat, seier ho.

DIKTATUR: Joanna Fonkalsrud fortel om det ho veit om livet i Venezuela. Der har dei diktatur, ein styremåte som er det motsette av demokrati. Her er det berre éin eller få som sit med makta over landet. Slik er det i Venezuela. Foto: Vilde Standal Bøyum

– Kva er det som er viktig med demokrati?

– At folket bestemmer og at med diktatur så kan det bli for mykje makt for ein person. Demokrati er at makta blir fordelt utover, og det lagar eit betre mangfald og eit betre samfunn, seier Philip.

– Ein kan jo bli litt gal av å ha så mykje makt. Tenk på kva ein kan gjere. Men demokrati får alle til å føle at dei er med, sjølv om ditt parti ikkje vann, så har du vore med på å gjere noko, seier Maya.

LAR DEG VERE MED: Maya Wisniowska Hussein seier at demokratiet er viktig, fordi du får vere med på å gjere noko for samfunnet. Foto: Vilde Standal Bøyum

Dottera tar imot prisen

Draumeplanen var at Machado skulle kome til fredsprisfesten, men ho har levd i skjul i over eitt år. I morgontimane i dag vart det stadfesta av Nobelkomitéen at Machado ikkje klarte å kome til Noreg i tide.

– Var det litt skuffande at Machado ikkje kom sjølv?

– Ja, så klart, seier dei i kor.

Men dottera, Ana Corina Sosa, kjem for å prate med barna på scena, og det hjelper veldig på.

DOTTER: Ana Corina Sosa kom til Barnas fredsprisfest for å prate til barna. Ho har ikkje sett mora si på to år seier ho frå scena. Foto: Vilde Standal Bøyum

Dei var klare over at Machado sjølv kanskje måtte halde ein låg profil.

– Ho lever i skjul, og eg trur ho gjer det mest for sin eigen tryggleik, for at ho ikkje skal bli oppdaga. Og om det er nokre spionar noko stad i Noreg så kan det utvikle seg til eit veldig stort problem for Machado, seier Philip.

– Ja, for styresmaktene vil jo eigentleg ikkje ha ho, seier Joanna om Venezuela.

– Vi er uansett glade for at dottera kjem, seier Maya.

VEIVAR: Publikum fekk tøystykke i gult, blått og raudt som er fargane i det venezuelanske flagget. Her veivar dei fargane vilt der prinsesse Ingrid Alexandra, kronprinsesse Mette-Marit og Ana Corina Sosa sit på fremste rad på scena. Foto: Vilde Standal Bøyum

Fått nye venar

Maya, Joanna, Philip og Marie har berre gode ting å seie om korleis det har vore å arrangere Barnas fredsprisfest.

– Det er veldig, veldig spanande, seier Philip.

– Ja, kjempegøy og vi kosar oss, seier Joanna.

– Ein opplever nye ting og får nye venar, seier Maya.

– Og det blir veldig kult show i dag, avsluttar Marie.