LUKE 5: Lag eit velduftande klementinjuletre

I julekalenderen i dag får du vite korleis du kan pynte med eit juletre som duftar krydder.

Du har kanskje hengt ein appelsin med nellikspikrar i vindauget, men du kan også lage andre juledekorasjonar med frukt og krydder. Kva med eit freistande juletre?

Du treng

  • klementinar
  • nellikspikrar
  • eit fat
  • nokre grøne kvistar
Foto: Synne Ulltang

Slik gjer du

Set nellikspikrane inn i klementinane i ulike mønster. Når du er nøgd med pynten, legg du alle klementinane på eit fat slik at det blir eit juletre.

På toppen kan du plassere ei stjerne som du skjer ut av eit klementinskal. Pynt til slutt med litt grøne kvistar.

Foto: Synne Ulltang