Av og til kan ein elev bli sint, trekkja seg unna, eller plutseleg nekta å gjera oppgåver. Av og til handlar det ikkje om at dei «oppfører seg dårleg», men at noko inni dei gjer vondt.
Forskar Elisabeth Øverland seier at lærarar må tenkja annleis.
– Møter læraren elevane med forståing om at all åtferd er kommunikasjon, blir dagen annleis, seier ho til Forskning.no.
Ho forklarer vidare:
– Ofte ligg det noko bak reaksjonane til eleven. Viss læraren har kunnskap om psykisk helse, vil dermed læraren kunna gjera ein forskjell for elevar som har utfordringar.
Vulkan av kjensler
For å forklara kva som skjer inni barn som strevar, bruker forskarane eit bilete:
– Elevar med svak sjølvregulering kan gå frå ro, til svak uro, svak buldring, buldrande røykskyer og utbrot på kort tid, seier Øverland.
– Det er som ein vulkan av kjensler, legg ho til.
Sjølvregulering betyr evna til å roa seg ned når noko er vanskeleg, og til å kontrollera kjenslene sine. Om ein har svak sjølvregulering, kan det vera vanskeleg å stoppa seg sjølv før ein blir veldig sint, lei seg eller stressa.
Forskarane meiner at lærarar treng meir kunnskap om psykisk helse – både for å forstå, og for å hjelpa.
– Psykiske vanskar bør bli eit større tema i lærarutdanninga. Då unngår me at nokre elevar blir oppfatta som vanskelege i staden for å få hjelp, står det i artikkelen.
Når lærarar veit meir om korleis tankar og kjensler verkar saman, kan dei hjelpa barn som har det vanskeleg – før alt blir for mykje.
Dette kan lærarar gjera:
Når lærarar veit korleis vulkanen verkar, kan dei hjelpa tidlegare.
- Dei kan snakka med eleven og spørja korleis det går.
- Dei kan minna eleven på å pusta, ta ein pause eller byte aktivitet.
- Og dei kan unngå å kjefta, for det gjer ofte alt verre.
Dette kan du gjera:
- Vis denne artikkelen til læraren din og/eller foreldra dine.






















