Ukrainske og russiske barn lurer på når krigen skal slutte

Framtida Junior snakka med 13 elevar frå Russland og Ukraina om krig og fred.

På barne- og ungdomsskulen i Kirkenes, samlar ein gjeng elevar frå velkomstklassa seg. Dei skal fortelje litt om livet deira sidan dei flytta til Noreg. Sju av dei er frå Ukraina. Fire er frå Russland.

Lærar Jill er òg med, og vi brukar ein omsetjingsapp for nokre av spørsmåla som er litt vanskelege. Heldigvis er det nokre av dei som forstår mykje norsk, og kan omsetje til elevane og til Framtida Junior.

Aktiv gjeng

Demid (14), Masha (14) og Sasha (14) er frå Russland. Artem (15), Tymur (15), Nazar (12), Kirill (11), Artem (11) og Marian (13) er frå Ukraina. I tillegg er det to elevar til, ein frå Ukraina og ein frå Russland, som ikkje ønskjer namnet sitt på trykk.

I Kirkenes har dei alle funne ein aktivitet å drive med. Marian og Masha spelar fotball, Kirill, Nazar og Demid spelar hockey. Nokre driv òg med boksing.

Ein av dei første tinga Kirill gjorde etter han kom til Noreg, var å skade seg i skulegarden. Han måtte sy fleire sting.

VELKOMSTKLASSA: På Kirkenes barne- og ungdomsskole går dei 13 elevane frå 5. – 10.-klasse. Foto: Vilde Standal Bøyum

Fleire stopp på vegen

Demid er den som har budd i Noreg lengst, han flytta i 2022. Gjennom intervjuet er han ein av dei som hjelper godt til med å omsetje, både til norsk og russisk. Marian har vore i Kirkenes kortast, og kom til Kirkenes i 2024.

Dei fleste av dei russiske barna kjem frå stadar i Russland som ikkje er så altfor langt vekke frå norskegrensa. Nokre av dei bur så nærme at dei kan reise på besøk i helgene.

For dei som kom frå Ukraina, var det ein lengre tur. Nokre hadde fleire stopp på reisa. Tvillingane Artem og Tymur var innom tre andre land og ein norsk by før Kirkenes vart stoppet.

– Slovakia, Polen, Latvia, Bodø og Kirkenes, listar dei begge opp.

Hadde skuleuniform

– Kva er det de likar med Noreg?

– Folket, seier Tymur. Det er Demid einig i.

– Det er mange snille folk her, seier han.

– Skulen, seier Nazar og Kirill.

Noko dei hentar fram er måten dei tidlegare måtte kle seg til skulen før.

– Vi hadde skuleuniform i Russland, seier Demid.

Skuleuniform var òg vanleg i Ukraina, og det syns dei er godt å sleppe.

Eg spør om det er noko dei saknar frå heimlanda sine. Då kjem mat fort opp, som julemat. Dei har òg ein lengre feiring av nyttår enn det vi har. I Russland feirar dei i heile to veker.

Då kjem bestefar i raudt, som er det Russland kallar sin julenisse.

Gode vener

Det er berre tvillingane som seier at dei ønskjer å reise tilbake til Ukraina når det lar seg gjere.

– Eg saknar huset og dyra våre. Vi hadde hund og tre kattar, seier Tymur.

Det er fleire av elevane som hadde husdyr, og ingen er fornøgde med krigen som held på.

– Korleis går det å gå i klasse saman, når landa dykkar er i krig?

– Vi har gode vener frå begge land, seier Demid. Dei pratar ikkje så mykje om problematikken i krigen. Dessutan er dei alle einige om at krigen bør slutte.

Lærar Jill forklarar òg at det har vore trygt for dei frå Ukraina å kome hit når det er så mange i Kirkenes som snakkar russisk, eit språk dei alle kan. Dette er fleire av elevane einige i.

Kva må til?

Alle rundt bordet vil at krigen skal ende.

– Krig er dårleg, seier Sasha.

– Vil det aldri slutte? spør Demid.

– Kva må til, trur de, for at krigen skal slutte?

– Det er ei stor verd, og alle skal ha plass på jorda, seier ein av elevane frå Russland. Hen meiner det er viktig å hugse på det.

– Ein må ikkje krangle, og slutte å ta meir, seier Demid.

Artikkelen er ein del av prosjektet vårt «Krig og fred», og er støtta av Fritt Ord.