Overhovuda for den katolske kyrkje har eigne «pavemobilar» som fraktar dei rundt. Pave Frans, som er etterfølgt av noverande pave, Leo XIV, la planar om at ein av desse pavemobilane skulle gjerast om til ein behandlingsklinikk for barn i Gaza.
Klinikken har fått namnet «Vehicle of Hope» («Håpets køyretøy»).
Pave Frans tok opp krigen i Gaza og kalla den skamfull. Han hadde òg regelmessige samtalar med Gaza sitt kristne samfunn under krigen.

200 barn om dagen
Før pave Frans døydde, godkjente han planane for køyretøyet. Sidan då har det vore ein katolsk organisasjon ved namn Caritas som har hatt oppsyn med forvandlinga frå pavemobil til ein klinikk på hjul.
Caritas Sverige sin generalsekretær Peter Brune har sagt at klinikken skal kunne behandle 200 barn om dagen. Her vil barn, mellom anna, få vaksinar.
Klinikken er klar
Caritas har rapportert at klinikken på hjul er klar til bruk, men dei har ikkje fått innpass til Gaza endå.
Sjølv om det er ei pågåande våpenkvile mellom Israel og Hamas, har det vore fleire åtak på Gaza. FN har uttala at minst 67 barn har blitt drepne i åtaka etter våpenkvila vart inngått.
Difor er klinikken viktig for kardinal Anders Arborelius frå Stockholm.
– Dette køyretøyet står som eit testament på at verda ikkje har gløymt barna i Gaza, sa han.
Artikkelen er ein del av prosjektet vårt «Krig og fred», og er støtta av Fritt Ord.





















